lørdag 23. juli 2016

Når det koker på syrommet!

Det er når sylysta er absolutt på topp! Og eg har masse tid til å sy.

                                                 16. JULI

I dag har eg fra tolv til fem å sy. Dvs eg skal lage ein enkel middag også, men det går fint med berre to i hus.

I går fekk eg løsna proppen på systoppen, rydda og kasta ut litt ting som ikkje lenger var til næring for meg. Og det fekk eg jammen merke etterpå. Sygleden formelig spruta og det første eg gjorde var å sy ramme på eit teppe som eg sydde i fjor. No skal det inn til quilting. Her ser du det;



17. JULI

No syr eg videre på resteblokker. Det skal bli eit teppe på fem ganger seks blokker. Eg har jo sydd mykje i løpet av 17 år og ein del rester er det blitt. Dei sorterer eg i plastbokser fra Biltema. 

Eg har 16 slike bokser, og dei er nok fylt til randen med rester. Nokre firkanter og nokre striper. Så når eg har sydd eit prosjekt og der er noko att går dei opp i desse boksane. Så får eg ein ide om at eg skal sy eit resteteppe, og da finner eg materiale i desse boksane. Eg trur skulle eg brukt opp stoffa her, så ville det ta meg fire eller fem år med jevn sying. Det skal eg ikkje. Dei er som små skatteboksar når eg vil sy restetepper. Og her kan du sjå det siste resteteppet som eg skal sende inn til quilting. Alle stripene har ulike bredder og det er kun sluttblokka som er reinskjert på 10,25 inch. 

Eg er kjempefornøgd. Det at stripene har ulike bredder føler eg gir teppet eit levande utrykk. I dag er det søndag, og denne bloggposten vil bli skrevet over fleire dager. No skal eg opne ein pakke som eg har fått fra Quiltestallen, og der er det nok nokre tepper som skal få på lukkekant. Om 13 dager blir syrommet til gjesterom i to veker, og planen min er å ha ein stabel med quilter som skal få lukkekant sydd til for hand. Så ferdige tepper er ikkje å sjå i næraste framtid, berre nestenferdige :-) 



18. JULI 

Også her kjem eg til å gå i resteboksane. OG eg har nokre glidelåser eg vil bruke. Så får vi sjå kva morgondagen bringer :-) 
Ja, da er det blitt mandag kveld. Og eg har sydd ferdig ei toalettmappe av desse bitane. Og eg vart kjempefornøgd - her ser du resultatet; 
Eg er jo over snittet glad i grønt og blått og eg er glad for at eg fekk brukt masse av dei fine blå og lime fargane mine. Og her ser du baksida; 

Smågåver er alltid kjekke å ha :-) 

















lørdag 16. juli 2016

Forelska i rydding

Eg er forelska. Det er berre å innrømme.

Eg er forelska i ei dame som heiter Marie Kondo.

Heimesida hennar finn du her; https://konmari.com/

Dåke som har fulgt meg ei stund veit at eg er oppteken av å rydde og av å fjerne ting som ikkje lenger gangnar oss. Stadig kjem eg i situasjonar som minner meg på at dette er ein livslang prosess.

I alle fall.

I slutten av mai flytta Samuel inn på syrommet mitt og eg flytta ut og ned i stova. Eg hadde store planer om kva som skulle skje når rommet vart ledig. Når dagen kom tok eg alt ut, vaska grundig og tok ting inn att. Så skjedde det ingenting. Ingenting. Det er ikkje noko kjekt.

Vel - så høyrde og såg eg litt på youtube og Marie Kondo. Og det gikk opp for meg. Eg ville ikkje inn på syrommet fordi det var ting der inne som ikkje høyrde heime der. På eit syrom skal det jo være god energi - fristande - kreativt rom - ro - glede og alt som ein berre kan drøyme om i ei kreativ hule.

Så eg gjekk inn på syrommet og det slo meg. Kva er det eg skal sitte og sjå på når eg syr? Dette;

Ved første augekast ser det jo greit ut.

Men

Problemet er at der henger ein del ting som eg rett og slett ikkje vil bruke, og som gir meg ein sånn følelse av at eg "burde" bruke dei. Det er linjaler og ting som eg ein eller annan gang har kjøpt, men som eg ikkje lenger kjenner at eg vil ha.

Så eg tar i bruk Marie Kondo.

Ho seier

Elsker du tingen - behald den
Elsker du den ikkje - så gi den bort- doner - kast - resirkuler

Så eg tok ned alle tinga fra veggen. Og det vart veldig tydelig kva ting eg ville behalde. Alle twisterlinjalene. Alle dei kvadratiske omnigridlinjalane. Bildet av broren min fekk ein overhaling så det vart skikkelig stivt og kunne henge slik eit bilde skal.

Eg tok ting for ting. Om det var ein ting eg ikkje elska og som eg fekk ein slik burde følelse med så vart den lagt i haugen for donasjon. Donasjon for meg er å gi det til bruktbutikken i Førde. Hugs på det, om du no ser ting i bunken som eg skal donere bort, så betyr ikkje det at det er ting som ikkje er bra. Vi er alle ulike - nokre liker søstra, andre liker dattera og andre liker mora. Slik er det jo berre.

Det viktigaste her er at eg klarer å kjenne etter kva eg liker og at du kjenner etter kva du likar.

Uansett. Her er det eg landa på som skal ut i dag;


Fleire har ikkje fått plasten av. Det er sant. Og ho som tek turen til Elvahuset i Førde i neste veke, ho kjem til å gjere eit kupp :-) Og ein annan ting er også - når eg no får inn ein ny linjal - så kan eg kjøpe den og tenke - denne skal jammen bli kjekk å sy av. Istaden for - nei huff, eg har så mange linjaler heime eg "burde" bruke først. Den der burdetingen - det eksisterer kun inni hodet mitt. Heldigvis. Så er det opp til meg å rydde det ut. 

Og resultatet? Det skal du få sjå her; 


Eg er kjempefornøgd! Bak bildet med mini mini twister er der ein pose med alle twisterlinjalene, knivane er lette å sjå, eg har ein stripelinjal, malen til Sew together bag og fleire omnigridder og to herlige mønster og ein mini hex n more. Og no er det plass til nye lekre prosjekter også :-) 



Alt det beste til deg - vi sjåast att :-) 



Sukkertøy på tur - Utsikten på Gaularfjellet

I dag tok eg med sukkertøyet mitt på tur. Eller egentlig to - Jakob, ein av tvillingane mine var med - og så tok eg med eit av favoritteppa mine som eg veit mange av dåke har sett før. Her står eg på ein av dei tre snippane og dette er altså utsikten på Gaularfjellet. Herifra er det ca ein time å køyre til Sande. Det er ein fantastisk opplevelse som alle skulle få med seg :-)
Her kan du sjå video frå opninga - eg og Jakob fekk sitte øverst oppe. Video fra Gaularfjellsopninga
Litt hulter til bulter med bilder. Eit stykke inn på Gaularfjellet er der nokre gamle stølshus, så eg har tat med sukkertøyet mitt og tatt nokre bilder.

Her ser du teppet på den andre snippen.


Og igjen på den første snippen.

Det er så herlig med slike gamle hus.

Jakob vart så begeistra når han såg dette huset. Han forklarte korleis dei er bygd ned i bakken for at dei skal være kalde om sommaren og varme om vinteren.

Den andre snippen på avstand.

Blir du skikkelig varm kan du jo kjøle deg kraftig ned i dette fjellvatnet.

Dei flotte stølshusa. Og sukkertøyet da.