lørdag 24. januar 2015

Januar og plundersøm

Januar er ein deilig månad - blanke ark og nye muligheter. Sjølv om nye muligheter kjem jo kvar einaste dag og fleire ganger daglig, så har likevel januar ein litt spesiell energi over seg.

Eg har bestemt meg for mange ulike ting i Januar. Ein av dei var at eg hadde lyst til å sy fleire gåver og gi bort kvar gang eg hadde ein anledning til det. Så eg har sydd nokre av desse;
Dei er superlette å sy, rett og slett sjokkerande lette. Og vil du ha oppskrifta så finn du den her; http://piasisia.blogspot.no/2014/12/fullfartkurv.html Eg har hatt i Aloe Vera planter, men når eg går tom for avleggere av de kan eg jo ha i Q-Tips slik som i oppskrifta.

Videre har eg fått quilta ferdig eit teppe eg fann oppskrifta på i Quilty. Det ser du her;
Originalen var i jordfarger og altså heilt annleis. Eg er superfornøyd med resultatet og det vart flott quilta av Merete Ellingsen. Ser tydelig i hyllene mine at eg må fylle på med rosa, turkis, klar blå og lime. Det er kjekt å bruke rester, men er eg ikkje flink til å fylle på når eg syr så er det brått slunkent i hyllene på syrommet, og det er ikkje så kjekt.

Det siste eg vil vise fram i denne omgang er løperen eg sydde til klubbhuset der eldstemann spelar fotball. Svært nøgd med at eg fekk fram den antatte formasjonen til laget 4-4-1-1 og gåva vart godt motteke.
Eg håper at du er inspirert til å sy og at du finn tid og prioriterer å gjere det. Mine planer i nær framtid er å sy nokre modeller til kurset eg skal ha 14. februar. Det er heilt nytt for meg å halde kurs, og det er veldig spennande.

Klem til dere alle!