lørdag 27. oktober 2012

Mitt chakrateppe

Her laver snøen ned. Eg har forstått det slik at det er ikkje berre her det gjer det. Da er det jo ekstra deilig å sitte inne og sy eller pusle med litt av kvart, og det tenker eg å gjere i dag. Eg har sydd på rot delen av chakrateppet mitt. Og kjenner at det er nett som ein puslebit faller på plass. Godt å være komen så langt som eg er. Ha ein fin laurdag der du er :-)

torsdag 18. oktober 2012

I dusjen er det det skjer :-)

I forgårs eller korti det var så sydde eg desse gryteklutane. Eg fann fire blokker i sysakene mine, det er jo som kjent der skattane openberrer seg. Eg kunne berre ikkje klare å huske kva det var eg hadde tenkt desse blokkene til . Eg såg dei var sydd i rester, siden strimlene var skjøtt, men noko meir? Nei det huska eg ikkje. Så eg sydde no dei til fire grytelappar og var nøgd med det. Så i dusjen i går kom det til meg som i eit klarsyn. Dei var begynnelsen til eit stort dobbelt sengeteppe som skulle gå i regnbuens farger. Hehe. Vel, no vart dei til grytelapper i staden. Ha ein fine dag der du er :-)

mandag 15. oktober 2012

Rammer på og klare til innsending for quilting


Då er rammene komen på teppene og de er klare for å bli innsendt til quilting. Eg må sei dette har vore ein forunderlig og rar prosess. Mange ganger når eg har sydd, td. fått på kant nummer tre på blokkene, har eg tenkt, jaja, no har eg sydd det, da legger eg det bort og fortsetter seinere. Denne gangen kom tanken i hodet, og da spurte eg, hm. kva er det du tenker du skal gjere i staden? Nei, det er jo ingenting det, så eg kan vel like godt fortsette å sy neste kant? Og slik fortsatte det heilt til teppene er ferdige. Håper du har det fint der du er. Klem til dere alle fra Desiree

Klar for rammer


 
Da er teppene sammensydd og mangler kun ramme. Det hadde eg ikkje i stoffene mine, så eg må nok på handel i butikken min og kjøpe. når det gjelder bakstykke så har eg prøvd å gå gjennom stoffene og sjå om der er noko der eg kan bruke. Det er merkeldig. Åh, nei det stoffet kan eg ikkje bruke, for det skal eg sikkert bruke til det og det og nei det kan eg ikkje bruke, for det er jo sååå fint og slik går det. Så, eg har funne noko, men eg må nok supplere litt der også. Eg er takknemlig for at eg har så mange fine stoffer, det betyr jo at eg kan sy og kose meg i lang tid framover og berre supplere med dette og hint. Eg må innrømme eg har i lang tid tenkt at uff, eg burde sy opp stoffene mine. No har eg lært at i alle utsegn som inneheld ordet burde så ligg det ei løgn. No ser eg det heller slik, eg er takknemlig for at eg har så mange flotte stoffer, det betyr at når eg kjem over noko eg har lyst til å sy, så har eg eit godt utvalg i stoffene mine, og treng berre supplere litt. I kveld blir det rammer på teppene og sammensying av bakstykke. Og kva som skjer etter det? Ja, det aner eg ikkje, men eg tipper på at det blir noko i nærheten av symaskina :-)