torsdag 20. desember 2012

Et enkelt ansiktsløft

Så er badet klart til jul. Eller nesten i alle fall. Min bedre halvdel proklamerte høgt og tydelig i går at han skulle julevaske både bad og kjøkken. Eg vart inspirert til å sy to brikker, eit til kvart nattbord som vi bruker som baderomsinredning. Eg sydde også eit forheng til under vasken. Der oppbevarer vi handduker og toalettpapir, så det er kjekt å skjule det bak noko fint. Julevaskinga vart det så som så med, men det gjer ikkje noko for min del. Eg er berre så glad for at eg fekk eit lite puff til å sy noko nytt. Brikkene er sydd i fiskebeinsmønter og stjernene, der har eg brukt blå rester fra brikkene. Eg er så glad i å sy i rester, da blir det så livlig synest eg. Håper du har ein fin dag der du er, klem fra Desiree

lørdag 8. desember 2012

Familieteppe - 8 års ufo

Dette teppet vart ferdig i går. Det har vore ein UFO veldig lenge. Og ein ufo som er lett å daterie, sidan tvillingane da var et halvt år når føtter og hender vart trykt. Vi trykte hender og føtter av heile familien, og eg begynte på eit teppe med friskt mot. Sidan har den komt fram med jevne mellomrom, og eg har nok sydd litt vidare på den mest fordi eg følte eg måtte. Så gleda var stor når ein kveld denne veka eg kom over den att og kjente at no, no har egl yst til å sy den ferdig. Johannes, den eine tvillingen, er med på bildet. Det vart nokre bilder før han følte at hans image som tøff var ivaretatt :-) Talet UFOar skrumpar kraftig inn, og eg kjenner at eg har god lyst til å gjere alt ferdig. Gjerne før den magiske datoen 12.12.12, så får vi sjå kva eg får til. Ellers så vil eg dele ein film med dere, ikkje noko koselig advents film, men ein film om oss kvinner, om vaginaer, om Eve og kva ho kjempar for. Den handlar ingenting om lappeteknikk, men den handlar om oss, og våre medsøstre. Her er filmen.

fredag 7. desember 2012

Square Dance med Taupe stoffer


Eg har sydd ferdig Square Dance, eller twister duken min. Den brukte eg Japanske vevde stoffer i og også nokre få trykte. Spesielt fornøyd er eg med måten eg har quilta den på.  Mugga har eg arva etter mormor og stoffboksen bruker eg til å ha fargetusjer i. Hadde så lyst å ha noko som matcha til det, så gjer det ikkje noko at det står framme.

Her ser du den ulande ulven. Dette er eit landskapsteppe eg har sydd for... tja det må jo være nesten ti år sidan. Eg liker det veldig godt, og no skal det henge på veggen igjen ei stund. Ha ein fine kvelde du :-)

fredag 30. november 2012

Adventskapper

Adventskappene er ferdige. Sidan eg er med i Bonnies Mysterie visste eg at det kunne være greit å være ferdige med desse til mysteriet kom på plass. Eg er veldig fornøyd, blokkene er sydd med den vesle twisterlinjalen. Grått rundt og kun fire blokker i kvar kappe.
Godt nøgd :-)

torsdag 8. november 2012

Regnbuens farger

Ja, regnbuens fargar. Dei elsker eg. Det er så flott å sjå korleis desse fargane går over i kvarandre, og å bruke dette som utgangspunkt når eg skal sy. Denne gangen har eg prøvd meg på små hemper på kvar side av portemonneen eller vesleveska. Ah, Vesleveksa, var ikkje det eit flott navn? Heretter trur eg eg skal kalle dei Vesleveskene mine :-) uansett, den har samme dekor på hi sia også. Også kan du sjå ei lita dekkebrikke. Den er uten lukkekant, berre lukka med tett dekorsaum. Trur nok det blir fleire slike. Ha ein fine dage due :-)

lørdag 3. november 2012

Sortere trådene

I dag har eg sortert i tråden min. Eg har ikke noko eg MÅ sy, eller noko kreativitet i augneblinken som vil manifestere seg ved symaskina, så eg nyttar sjangsen til å rydde litt. Eg synest ofte når eg syr at eg manglar akkurat den tråden eg treng, og det er jo rart når eg har så mykje tråd. Blant anna har eg ikkje alltid tråd til å legge til lukkekanten for hand. No har eg bestemt meg for å prøve å bruke Lenes Silketråd til det. Den er jo sterk, og ikkje glatt, slik eg synest probelemet kan være med rayon tråden. Når eg sorterer til tråden finn eg lekre fleirfarga tråder, og eg trur at det neste eg syr skal være med utgangspunkt i ein slik tråd. Ha ein deilig dage då due :-)

fredag 2. november 2012

Bursdagsgave

Her ser du eit glimt av to ting. Det eine er eit teppe eg har sydd for mange mange år sidan. Eit av dei første sengeteppene eg sydde og det er no duk på eit av borda i butikken. Så ser du ein liten pung eller veske til å ha penger i. Tvillingane skal i bursdag på mandag, og i år har eg sydd nokre slike i bursdagsgåver. Eg spurte dei, tja, kva farge pleier denne guten ha på klea sine? Ja, han går ofte i noko oransje. Så da håper eg han liker oransje, for no har eg sydd i oransje :-) Og no trur eg jammen eg skal sy ei lita veske til. Klem klem!



lørdag 27. oktober 2012

Mitt chakrateppe

Her laver snøen ned. Eg har forstått det slik at det er ikkje berre her det gjer det. Da er det jo ekstra deilig å sitte inne og sy eller pusle med litt av kvart, og det tenker eg å gjere i dag. Eg har sydd på rot delen av chakrateppet mitt. Og kjenner at det er nett som ein puslebit faller på plass. Godt å være komen så langt som eg er. Ha ein fin laurdag der du er :-)

torsdag 18. oktober 2012

I dusjen er det det skjer :-)

I forgårs eller korti det var så sydde eg desse gryteklutane. Eg fann fire blokker i sysakene mine, det er jo som kjent der skattane openberrer seg. Eg kunne berre ikkje klare å huske kva det var eg hadde tenkt desse blokkene til . Eg såg dei var sydd i rester, siden strimlene var skjøtt, men noko meir? Nei det huska eg ikkje. Så eg sydde no dei til fire grytelappar og var nøgd med det. Så i dusjen i går kom det til meg som i eit klarsyn. Dei var begynnelsen til eit stort dobbelt sengeteppe som skulle gå i regnbuens farger. Hehe. Vel, no vart dei til grytelapper i staden. Ha ein fine dag der du er :-)

mandag 15. oktober 2012

Rammer på og klare til innsending for quilting


Då er rammene komen på teppene og de er klare for å bli innsendt til quilting. Eg må sei dette har vore ein forunderlig og rar prosess. Mange ganger når eg har sydd, td. fått på kant nummer tre på blokkene, har eg tenkt, jaja, no har eg sydd det, da legger eg det bort og fortsetter seinere. Denne gangen kom tanken i hodet, og da spurte eg, hm. kva er det du tenker du skal gjere i staden? Nei, det er jo ingenting det, så eg kan vel like godt fortsette å sy neste kant? Og slik fortsatte det heilt til teppene er ferdige. Håper du har det fint der du er. Klem til dere alle fra Desiree

Klar for rammer


 
Da er teppene sammensydd og mangler kun ramme. Det hadde eg ikkje i stoffene mine, så eg må nok på handel i butikken min og kjøpe. når det gjelder bakstykke så har eg prøvd å gå gjennom stoffene og sjå om der er noko der eg kan bruke. Det er merkeldig. Åh, nei det stoffet kan eg ikkje bruke, for det skal eg sikkert bruke til det og det og nei det kan eg ikkje bruke, for det er jo sååå fint og slik går det. Så, eg har funne noko, men eg må nok supplere litt der også. Eg er takknemlig for at eg har så mange fine stoffer, det betyr jo at eg kan sy og kose meg i lang tid framover og berre supplere med dette og hint. Eg må innrømme eg har i lang tid tenkt at uff, eg burde sy opp stoffene mine. No har eg lært at i alle utsegn som inneheld ordet burde så ligg det ei løgn. No ser eg det heller slik, eg er takknemlig for at eg har så mange flotte stoffer, det betyr at når eg kjem over noko eg har lyst til å sy, så har eg eit godt utvalg i stoffene mine, og treng berre supplere litt. I kveld blir det rammer på teppene og sammensying av bakstykke. Og kva som skjer etter det? Ja, det aner eg ikkje, men eg tipper på at det blir noko i nærheten av symaskina :-)

fredag 14. september 2012

Så er jeg bitt av instagrambasillen :-)

Høsten er her og det betyr for meg deilige kvelder ved symaskina.
Her ser du bilde av et par av tingene eg har sydd i det siste. Øver meg litt med instagram. Synest bildene er så romantiske :-)
Får du sydd noe? Klem til dere alle fra Desiree

søndag 15. april 2012

Batikkduk og jordbærduk

Eg er så heldig å eige ein Vitamix, men den setter litt stygge merker på kjøkkenbenken. No har mannen min ei tid etterlyst ei brikke eg kan ha under den, og den er no på plass. Synest den blei sommerlig og fin med jordbær og striper.









Batikkduken ferdig montert. Den vart ferdig i påska, difor appelsin og solbriller. :-)

søndag 1. april 2012

Batikkduk klar til montering

Batikkduk klar til montering og Pio hjelper til. Han er ein stor skogskatt som veier 7 kg, så det er litt vanskelig å oversjå han. Her har det snødd i nesten heile dag, men med god temperatur så har snøen også smelta etterkvart. Butikken min er open heile påska, så det er berre å klikke seg inn på www.lappeteknikk.no om du har lyst på noko nytt. Håper du har en fin søndags ettermiddag :-)

søndag 18. mars 2012

To chakra på plass

Ja tenk om det var så enkelt. Å sy to striper, så var chakraene på plass :-) Eg er i alle fall veldig glad i grønt, og grønt (og rosa) er hjertechakraets farge. Når eg leser om dette chakraet, som er det fjerde chakraet så lærer eg dette; Hjertechakraet har med tilgivelse, betingelsesløs kjærlighet, å gi slipp, tillit og medfølelse å gjere. Det er ikkje småtteri :-) Så for meg er det naturlig å begynne med det og jobbe derfra. Det betyr at i teppet skal eg ha totalt sju striper, og eg har begynt på midten. Under hjertechakraet finn eg Solar Plexus. Det har fargen gul. kjem det sakrale chakraet, som er oransje. Det betyr at det er under Solar Plexus. Den spirituelle lærdomen er å akseptere din plass i livets strøm. Så kjem det neste eg skal sy, det sakrale chakraet. Kreativitet, manifestasjon, å hedre forhold og å lære å gi slipp - alt dette rommer det sakrale chakraet. Ja, det var no litt chakra undervisning :-) Så får vi sjå, om eg beveger med ned til det sakrale, eller opp til hals chakraet. Ønsker deg en fin søndag. :-)

lørdag 17. mars 2012

Solar Plexus


Eg held på med eit langtidsprosjekt, og eg koser meg. No er det Solar Plexux som står for tur og det tredje chakraet. Det er gult og eg ser for meg energien som ei sol. Så difor desse tredimensjonale figurane. Kjennest godt å rulle desse små tubene som blir til soler. Om ikkje sol ute så sol inne :-)

søndag 12. februar 2012

Restefest

















I dag er eg så heldig at eg får på sybesøk ei syvenninne og da står på planen å sy :-)

eg skal før ho kjem sortere litt i restene mine som eg oppbevarer i norgesglass.

De har eg kjøpt på loppemarked for 25 kroner stk. Det går også an å finne de på finn.no

Eg tenker å begynne på eit teppe som skal gjenspeile kroppens chakraer, og sidan hjerte chakraet mitt er sterkt så begynner eg der :-) Leste på ein blogg i går om oransje, og det gav meg eit lite puff.

Trur eg skal bake scones til oss når vi blir svultne.

Håper du har det bra, og at du er snill med deg selv :-) Varm klem!

lørdag 11. februar 2012

Sykroken min

































Hei skjønne du :-) I dag har eg sydd ei bursdagsgåve. Eit pennalhus. Eg må sei, eg trives godt når eg gjer det. Ingen blir like, og mottakeren blir som regel glad for det.

Når eg syr og skal finne stoff, ser eg ofte at eg mangler stoffer, men det er like fort gløymt når eg kjem på jobb og har alle stoffa rundt meg. Men, i dag måtte eg berre innsjå at blant dei blå stoffa var det veldig skralt. Så, eg har bevilga meg nokre nye fra dei flotte blå eg la inn i nettbutikken i dag.

På bildene ser du den fine toalettmappa, nei pennalhus var det visst, eller kven veit no kva som vil havne oppi der. Og du ser kva verktøy eg bruker mest. Og du ser stoffsamlinga mi. Eg har sysakene mine i ein krok i stua, greit og oversiktelig. Og sosialt :-) Dette var i 2012 og mykje har forandra seg sidan den gangen.